foto: Anders Myklebust

Velkomen!

På denne sida vil me legge ut nyttig informasjon om den kommande bryllupsfesten i Volda 19.06.10. Håpar du får svar på det du måtte lure på! Me gledar oss til fest!

onsdag 16. juni 2010

Vektarstreik og stengde flyplassar

Då hadde vektarane bestemt seg for å komplisere reisevegen til bryllupsgjestane våre, men me kan melde om at det fortsatt er håp.

Kontakta Widerøe idag og dei seier dette:
Dei ikkje veit noko meir enn frå dag til dag og at det plutsleg kan snu, streiken blir avblåst og flya gjeng som normalt att. Dei har ansvaret for å frakte flypassasjerane til destinasjonen på alternative måtar, enten med fly (f.x til Vigra utanfor Ålesund og deretter med flybuss mot Volda) eller med buss osv. Dette skal ikkje ramme passajeren økonomisk og dei har ansvar for å frakte passasjerane heilt fram.

Men ikkje stol på at flyselskapet tek kontakt, prøv å ta kontakt sjølv og høyr kva dei seier om flyavgangen din.

Det vil uansett ikkje vera så mykje poeng i å kontakte dei før det nærmar seg, så då spørs det kor mykje is du har i magen før du evt ordnar deg med alternative reisemåtar. Billettar vil i utgangspunktet ikkje bli refundert før dei ser at du faktisk blir offer for streiken. Då kan det alt vera for seint for nokon av dykk (f.x dei som reiser laurdag), men dei sa at dei ville sjå an den enkelte passasjer sin situasjon, så det er bare å mase og ha gode argument for at du skal få viljen din :)

Er flyplassen du skal reise ifrå stengd, blir det litt meir komplisert, men kontakt flyselskapet. Reiser du med anna flyselskap enn Widerøe, må du ta kontakt med dette flyselskapet for informasjon.

Håpar det ordnar seg for deg som har planlagt å ta fly og at du kjem deg til Volda i tide. Me vil jo ikkje savne nokon av dykk i festen vår :)

Lykke til!



tirsdag 27. april 2010

Tips: Smart med bil i Volda!

Fordi avstandane er store i bygdenoreg, anbefalar me at du køyrer bil til Volda dersom du har sjans til det. Trass i desse miljøtider, er dette enklast fordi det blir lettare å kome seg rundt i Volda. Det er ikkje gåavstandar mellom kyrkje, festlokale, overnattingsstader osv.

Dersom du ikkje har bil, er det enklaste at du allierar deg med andre gjestar i bryllupet som har bil og sit på med dei. Me har ikkje oversikt over dette, så om du får problem er det mogleg å leige bil hjå Avis Bilutleige. Dei har avdeling på flyplassen mellom Ørsta og Volda (Hovden) og i Volda.

Lykke til!!

fredag 23. april 2010

Og festen nærmar seg...

Me gler oss meir og meir til fest og nå er det ikkje mange dagane att! Men det blir ikkje fest utan våre kjære gjestar!

Dersom du brenn inne med nokre ord du vil dele, ein song, bilete eller ein videosnutt frå fordums dagar, ein leik, sketsj eller noko anna spennande, ber me deg om ikkje å halde dette for deg sjølv! Me blir veldig glade om du deler dette med oss på festen, og me trur nettopp det vil gjere denne dagen ekstra minneverdig.

Tenker du, ja det vil eg!, ber vi deg kontakte Olav og Bjørnar som er dagens toastmasterar. Dette er Elises kjekke brødre, og dei vil lose oss gjennom dagens program. Dei har oversikt på kva som skjer, og vil gje deg den infoen du treng.


Bjørnar Hunnes kan kontaktast på:
mobil: 98 01 57 42
e-post: b_hunnes@hotmail.com

Olav Bøe Hunnes kan kontaktast på:
mobil: 92 04 24 04
e-post: olav-93@hotmail.com


mandag 12. april 2010

Ynskjeliste

Endeleg har me snekra saman ei ynskjeliste som me håpar kan vere til hjelp i jungelen av alt ein kan kjøpe til eit brudepar!

I tillegg til ynskja som ligg her på bloggen, har me ynskjelister på Jernia og Volda Glasmagasin. Ynskjelista på Volda Glasmagasin er også tilgjengeleg på Christiania Glasmagasin.


Korleis fungerar ynskjelistene?

Jernia:

Ynskjelista på Jernia kan du få i butikken eller sjå på www.jernia.no under ”ønskelister” (til venstre på sida). Søk etter Elise eller Jørn-Arve eller bruk linken her.

Dersom du kjøper noko på denne lista, må du gi beskjed på Jernia om dette slik at dei kan registrere kjøpet.


Volda Glasmagasin (og Christiania Glasmagasin):

Denne lista kan du sjekke i butikk eller på www.bryllupslisten.no under ”gjest” til venstre i margen. For å få tilgang til lista på nett treng du eit gjestepassord.

Passord: jørnelise

Hugs at også her må du sørge for at kjøpet ditt blir registrert hjå Glasmagasinet.


Ynskjeliste (utanom jernia og glasmagsinet):

F1 – Kenwood Major - Kjøkkenmaskin

F2 – Primus Omnifuel (brennar til utandørs matlaging)

F3 – Sovepose dame (-20 grader eller kaldare) Hagløfs/Ajungilak/Helsport

F4 – Sovepose herre (-15 til -20 grader) Hagløfs/Ajungilak/Helsport

F5 – Therm–a–Rest (Ridge Rest) 2 stk (liggeunderlag)

F6 – Da Kine Concourse Double Skibag - 34x16x200 cm (familieskibag)

F7 – Batteridrill (Bosch eller liknande merke)

F8 - 3-manns fjelltelt (lettvekt). Helsport e.l.

F9 – Speglreflekskamera (Nikon/Canon)

F10 – Videokamera (minnekortlagring) type Sony e.l.

F11 - 220 cm dundyner (2 stk)

F12 - Bodum Thermos presskanne (stål/sølvgrå)

Pengar (til møblar, kvitevarer, oppussing av leilegheit etc.)

Gåvekort på Ikea.


For ynskja som ligg ute her på bloggen har me laga eit system for korleis ein kan meddele at noko er kjøpt. Då nyttar du kommentarfeltet under dette innlegget. Alle ynskja har ein ”kode” framfor seg. Dersom du har kjøpt eller tenker å kjøpe denne tingen, skriv du det i kommentarfeltet saman med koden. Til dømes: F2 – kjøpt.

Du kan vere heilt anonym når du skriv desse kommentarane og me vil ikkje lese kommentarane så me ser kva folk har kjøpt.

Viss du skulle ha spørsmål til gåvelistene eller ynskjelista her på bloggen, kan du sende ein mail til elise_hunnes@hotmail.com.

lørdag 13. mars 2010

Dagen derpå..

Søndag 20.juni inviterar me til brunsj på Mork Grendahus (same stad som festlokalet dagen før) kl 12:00. Me håpar så mange som mogleg har tid og lyst til å stikke innom, ta livet med ro og fylle kroppen med god mat!

PS. Her treng me ikkje vite på fyrihand om du kjem, det er bare å koma!

lørdag 13. februar 2010

Overnatting på Sunnmøre

Ein tur til Volda er ikkje ein alminneleg dagstur! Om du ikkje bur på Sunnmøre da... Her er nokre alternativ til kor du kan tilbringe nettene når du er i Volda. Trur det skal vere god variasjon med tanke på både pris og komfort. Så då er det bare å velje og vrake!

Helgatun
Helgatun er ein kosleg leirstad eit par km oppi dalsida frå Volda sentrum. Dette er ein ubetjent leirstad med kjøkken, matsal og kapell der ein kan ha med mat og ordne seg sjølve. Leirstaden har mellom 30 og 40 sengeplassar og ligg ved flotte turområde.

Kjøkkenet er stort og har komfyr, mikrobølgeovn og elles det eit kjøkken bør ha. Kjevle?

Her er stort sett firemannsrom med køyesenger og ein sofa, samt nokre få andre rom med litt andre spesifikasjonar om du har spesielle behov.

Sengene har madrass med stretchlaken og pute med putetrekk. Sengeklede eller sovepose må ein ta med sjølv. Det er moglegheit for å leige sengeklede (komplett) eller berre dyne (ha med trekk osv sjølv). Dette kostar ekstra. Ein må vaske rommet etter seg når ein reiser.

Prisar:
Pr natt pr person: 100 kr
Sengeklede: 100kr (heile opphaldet)
Dyne: 30 kr (heile opphaldet)

PS: Dersom veldig få velger dette alternativet, kan det bli for dyrt å leige leirstaden utifrå avtalen me har med utleigarane. Men me håpar det kan fungere!
Ta kontakt om du er interessert.




Volda Turisthotell - Volda
Voldas einaste hotell midt i Volda sentrum.
Telefon: 70 07 70 50
E-post: post@voldaturisthotell.no

Aurstad Hytter og Camping - Austefjord
Idyllisk campingplass 10 minutts køyring frå Volda, midt i smørauget mellom fjord og fjell.
Telefon: 70 05 00 53

Leiteland Camping - Volda
Telefon 70 07 63 30

Ørsta Camping
Telefon: 70 06 64 77
E-post: post@orstacamping.no

Hotell Ivar Aasen - Ørsta
Telefon: 70 04 51 00
E-post: post@hotellivaraasen.no

Møre Folkehøgskule (MF Sommarhotell) - Ørsta
Telefon: 70 04 19 99
E-post: kontor@more.fhs.no

Brudevoll Gard Hytteutleige - Ørsta
For deg som vil kombinere brudlaup med rekreasjon og terapi!
Telefon: 70 06 71 05

Til informasjon er Ørsta nabobygda til Volda og det tek ca 10 minutt å køyre dit. Festlokalet ligg midt mellom Volda og Ørsta.

Håpar du finn noko som passar for deg.
Bare ta kontakt dersom du lurar på noko!
:)


lørdag 6. februar 2010

Vegen til fagre Volda

Alle vegar førar til Rom, vert det sagt. Ein kan ikkje akkurat sei det om Volda, derfor legg me ut ein guide til korleis du kjem deg til denne perla på Sunnmøre.

Bil
Frå Bergen - Køyr 30 mil nordover på E39. Skilta mot Ålesund. Ein sjarmerande biltur på fine dagar. Pass opp for tidvis veldig smale vegar! Maks 40 km/t :) Tre ferjer. Sjå køyrerute her.

Frå Oslo - Køyr nordover på E6 mot Trondheim og køyr inn på RV 15 etter ca 30 mil ved Otta. Følg RV 15 i ca 23 mil over Strynefjellet og køyr inn på E 39 mot Ålesund/Volda. Fortset 3 mil til Folkestad og ta ferja over til Volda. Sjå køyrerute her.

Ein raskare veg er over Hemsedalsfjellet, via Sogndal. OBS! Heftig bomstasjon nær Sogndal...

NB! Har du god tid, kan me anbefale å køyre via Geiranger dersom du kjem frå austlandet. Dette er ein flott tur der ein kan oppleve Geirangerfjorden, Hjørundfjorden og dei kjende Sunnmørsalpane i Ørsta kommune. Kan trenge litt planlegging mtp ferjer osv, men absolutt verdt det! Sjå vegen her.

Frå Trondheim - E 39 via Molde og Ålesund. Ca 33 mil. Tre ferjer. Sjå køyrerute her.


Tog
Det går tog med NSB til Åndalsnes. Derifrå kan ein ta buss (142 Dag og Nattekspressen) til Moa Trafikkterminal og Timekspressen vidare til Volda.


Buss
Møreekspressen he daglege avgangar mellom Volda og Oslo, også om natta. Tek ca 9-10 timar

Vestlandsbussen he daglege avgangar mellom Bergen og Volda.

Timeekspressen køyrer til Volda frå Molde, Kristiansund og Ålesund.


Fly
Dette er vel den kjappaste og mest behaglege måten ein kan koma seg til Volda. Widerøe flyg små sjarmerande fly (som bråkar litt...) dagleg frå Oslo og Bergen samt frå Sogndal og Sandane. Er du ute i god tid eller reiser på eit litt uvanleg tidspunkt, kan du få billettar heilt ned i 400 kr.

Ørsta/Volda Lufthamn Hovden ligg mellom Volda og Ørsta, ti minuttars køyretur frå Volda. Her kan ein ta buss og taxi vidare til Volda.

Bestill billettar her.


Håpar det var til hjelp. Viss du har fleire spørsmål, eller kommentarar til den infoen som er lagt ut her, bare ta kontakt!